HeimKoronaKoronavaksine

Koronavaksine

No kan alle innbyggjarar i Alver over 18 år, som ønskjer vaksine, bestille time.

Du treng ikkje lenger å registrere deg eller vente på invitasjon. Du kan gå rett til bestillingssida vår, sjå kva timar som er ledige og bestille time sjølv.

Trykk her for å bestille time til vaksinasjon.

Du kan også ringe koronatelefonen på 56 37 59 00.

Finn du ikkje ledige timar? Vi legg ut timar etterkvart som vi får stadfesta vaksineleveransar. Sjekk bestillingsløysinga for nye timar med jamne mellomrom.

Kven kan få vaksine?

Alle personar som er født i 2003 eller tidlegare, og som bur eller oppheld i Alver i ein lenger periode kan få tilbod om vaksine her.

Er du turist eller har hytte i Alver, skal du ha vaksine i heimkommunen din.

Er du student og skal vere heime i Alver i sommarferien? Ring koronasenteret på telefon 56 37 59 00.

Personar utan lovleg opphald i Noreg kan også ringe koronasenteret for å få vaksine.

Status for vaksinasjon i Alver

Status 30. juli 2021

17165 innbyggjarar har fått første dose, 9403 av desse er ferdigvaksinerte. Vi vaksinerer no alle innbyggjarar over 18 år. Ønskjer du vaksine, kan du gå rett til bestillingssida vår og bestille time.

Dose 1
AldersgruppeAndel vaksinerte
18-24 79,2 %
25-39 61,4 %
40-44 79, 6 %
45-54 87,3 %
55-64 93,0 %
65-75 over 95 %
75-84 over 95 %
85 + 94,1 %
Dose 2
AldersgruppeAndel vaksinerte
18-24 11,2 %
25-39 16,9 %
40-44 23,9 %
45-54 28,7 %
55-64 45,8 %
65-75 94,6 %
75-84 over 95 %
85 + 91,8 %

 

På vaksinasjonsdagen
  • Ta med ID-kort (bankkort, sertifikat, pass eller liknande)
  • Ta med SMS-meldinga som viser at du har fått tildelt time denne dagen.
  • Vaksinen blir sett i overarmen. Det er difor ein fordel om du har på deg klede som er lette å ta av og på. Ha gjerne på deg ei korterma skjorte eller trøye.
  • Pass på at du held avstand til dei andre som også skal vaksinere seg denne dagen og følgjer smitteverninstruksjonane både utanfor og inne i vaksinasjonslokalet.
  • Sjølve vaksinasjonen tar berre nokre få minutt, men du må rekne litt tid til registrering og observasjon etter stikket. Du bør setje av minst ein time frå du kjem til du går.
Oppmøteplass og parkering

Massevaksinasjonen skjer i Nordhordlandshallen i Knarvik. Nordhordlandshallen har adresse Juvikstølen 25. Følg skilt og parkeringsvaktar i området. 

Treng du ein parkeringsplass nært hallen, anbefalar vi at du køyrer til baksida av hallen via vegen til Knarvik vidaregåande skule eller Knarvik barneskule.

Elles kan du parkere vis a vis ungdomsskulen, ved rådhuset eller bak kyrkja og gå til hallen.

Transport til vaksinasjonshallen

Helsedirektoratet har bestemt at reise til og frå vaksinering ikkje blir dekt gjennom pasientreise-ordninga.

Dette betyr at du må sørge for transporten sjølv. Dersom du ikkje køyrer bil eller kan ta buss, spør om hjelp frå familien eller nokon du kjenner. Har du TT-kort, kan du bruke dette.

Har du ingen andre moglegheiter, ta kontakt med innbyggjarservice på 56 37 50 00, så skal vi hjelpe deg.

Er du sjuk på vaksinasjonsdagen?

Hald deg heime og meld ifrå til innbyggjarservice på 56 37 50 00 om du ikkje kjem, så finner vi eit nytt tidspunkt som passar.

Trykk her for informasjon om kva du skal gjere dersom du er sjuk eller mistenkjer at du er smitta med koronavirus.

Trykk her for sjekkliste til deg som har fått tilbod om koronavaksine.

Informasjon om koronavaksine på tegnspråk

Trykk her for informasjon om koronavaksine på tegnspråk

Informasjon om koronavaksine på ulike språk

Trykk her for informasjon om koronavaksine på ulike språk.[SAH1] 

Etterregistrering

Det nyleg opna for at EMA-godkjente koronavaksiner som er tekne utanfor Noreg kan bli etterregistrert.

Det er ikkje mogeleg å etterregistrere vaksiner i Alver kommune, dersom ikkje fastlegen din har eit slikt tilbod. Gå inn på fastlegen din si heimeside og finn ut om dette er ein teneste fastelegen tilbyr. Du kan også få etterregistrert vaksiner i privat helseteneste. Kommunen har ingen oversikt over private helsetenester som tilbyr dette.

Legg merke til at både hos fastlege og i privat helseteneste vil det vere ein kostnad ved etterregistreringa. Les meir om etterregistrering på FHI sine sider.

Kan eg få bevis på at eg har tatt vaksinen?

Trykk her for å kome til helsenorge.no der du kan logge deg inn og skrive ut ditt koronasertifikat. Sertifikatet kan visast fram digitalt, lastast ned eller printast ut. Det er og laga ei løysing for ikkje-digitale brukarar.


Sist oppdatert: 03.08.2021
Publisert: 16.12.2020